Norske bedrifter trenger et digitaliseringsløft. Vi må ta i bruk de nye teknologiske mulighetene som finnes, og vi må gjøre det raskt. Utfordringen ligger både i næringslivets evne til å ta i bruk ny teknologi og evnen til å utvikle ny kunnskap.

Monica Mæland

Om programmet

Digitalisering gir store moglegheiter for vekst og nyskaping i næringslivet. På same tid er det krevjande å tileigna seg kunnskap for å utnytte desse moglegheitene. Konkurransebiletet er på veg til å verte endra innan alle bransjar, og det er heilt avgjerande at bedrifter innser situasjonen, at dei kan stille dei rette spørsmåla, er iderike og kreative, og vågar å ta risiko. For å gjere dette trengst ny kunnskap.

Forretningsstrategi og digital strategi vert stadig meir samanfallande, og alle bransjar vert utfordra på å tenke nytt for å behalde og styrke eigen marknadsposisjon. Atheno Digital er eit kompetanseprogram for strategisk leiing, som gjer deltakarane i stand til å gjere gode vurderingar og ta gode avgjersle i eit omskifteleg digitalt landskap.

Programmet gir bedriftene:

  • auka forståing av moglegheiter og utfordringar forbunde med auka grad av digitalisering
  • praksisnær teori
  • djupdykk i saker frå relevante bedrifter
  • moglegheit til å arbeid med digital strategi i eiga bedrift

Gjennom heile programmet vil vi fokusere på kva dei ulike elementa betyr for di bedrift. Vi anbefaler difor at minst to personar knytt til leiing deltek frå kvar bedrift.

Atheno har utvikla programmet i samarbeid med Digital Norway, SINTEF, Bergen Teknologioverføring AS, Siva, Hordaland Fylkeskommune, Nord Universitet og Kværner.

For meir informasjon og bestilling
Lene Pilskog
Prosjektleiar Atheno Digital
lene@atheno.no
481 51 050

 

Besøks- og postadresse
Atheno AS
Vabakkjen 6, (Verket, 3. etasje)
5411 Stord

Ei WordPress-løysing frå SYDVEST